Om oss

På Heidal Ysteri lagar vi i dag Heidalsosten, Rømmegraut og Heidalsprim. I tillegg bakar vi brød, gjærbakst og mykje anna godt frå botnen av i det lille bakeriet vårt.

Vi er stolte over å kunne vidareføre Heidalsosten og kulturarven den bær med seg.

Vi har stort sett ope gjennom heile året, med fersk bakst og utsalg av varene våre. Vælkome innum!

Nettbutikk

Vår historie

I Heidal og resten av Gudbrandsdalen har brunost og prim røter heilt attende til 1600-talet, og truleg lengre. Heidalsosten har utspring frå eldgamle tradisjonar og vart slik vi kjenner han i dag i 1921.

Heidal ligg øvst i Gudbrandsdalen ved porten til Jotunheimen. I uminnelege tider har det vore kinna smør og laga ost her. Først på setrane og frå 1921 fekk bygda sitt første dampysteri som etterkvart slutta seg til Østlandsmeieriet, i dag kjent som Tine. Da Tine la ned produksjonen i 1995 vart det kimen til «nye» Heidal ysteri som såg dagens ljos i 1999.