Fjellbygda Heidal

Dei eldste husa i Heidal er frå 1500-talet. Ekstra fint og imponerande er det at storparten av dei gamle husa er svært godt vedlikehaldne og i dagleg bruk.

HEIDAL

I Heidal har vi eit særprega kulturlandskap. Nede i dalbotnen glitrar og susar det frå det klåre vatnet i elva Sjoa. På det fyrste naturlege platået oppe dalsida ligg gardrekkja med sine solsvidde tømmerhus og høgare oppe i lia ligg mange av dei tidlegare husmannsplassane.

Øvst i bygda, ved Leirflaten, tek det av ein veg sørover mot Murudalen. Her kom det i gang bureising i mellomkrigstida.
På fleire av dei gamle sæterstulane i Heidal blir gamal tradisjon halde i hevd. Framleis finn vi budeier som er på sætra kvar sommar med ku og geit.

HEIDAL KYRKJE

Husflid av ulike slag er attåtnæring for mange heidøler. Særleg er bygda kjent for sine mange gode treskjærarar. Den som tar seg ein tur inn i den vakre kyrkja vår, vil få oppleva den rike treskurdtradisjonen i fullt monn!

Mange tykkjer det er ei rik oppleving berre å reise gjennom Heidal. Vil du oppdage meir av bygdas særpreg, må du stoppe opp!