Bestill Rømmegraut
Rømmegraut rett frå ysteriet er praktisk og populært til større lag som konfirmasjon, dåp, bryllup og andre festlige lag. Rømmegraut kokt etter tradisjon frå Heidal, med kun naturlege råvarer.
Server saman med sukker, kanel, raud saft og spikjimat så har du eit tradisjonsrikt festmåltid du kan være stolt av.

Informasjon
Reserver rømmegraut for henting
Dei fleste henter rømmegrauten fryst, men vi kan også tine han for deg før henting. Det at vi lagrer rømmegrauten fryst sikrar god holdbarheit utan bruk av tilsetningsstoffar og konserveringsmiddel.
Skikkeleg rømmegraut kokt etter tradisjon frå Heidal, med kun naturlege råvarer.
Er det noko du lurer på eller er usikker på? Sjå "ofte stilte spørsmål" nedanfor. Fortsatt noko du lurer på? Ring eller send ei melding på sosiale medier, vi er her for å hjølpe deg :)
Pris:
5 liter: 15 porsjoner (599 kr)
2 liter: 6 porsjoner (269 kr).
Ofte stillte spørsmål
Kor mykje treng vi?
Vi beregner tre porsjoner per liter.
5 liter: 15 porsjoner (599 kr)
2 liter: 6 porsjoner (269 kr).
Korleis bestiller eg og korleis fungerer det med henting?
Rømmegrauten får du kjøpt i utsalget vårt i frossen tilstand. Dersom du ønskjer å hente den tint må du bestille og si fra nokre dagar forveigen så tiner vi han for deg.
Vi har fryst graut på lager, så det er bærre å høyre i kassa så ordner vi for deg.Men reserver her for å være heilt sikra.
Skal grauten tinast?
Dersom du henter grauten fryst, må eit 5liters spann stå på kjøl i minst to døgn før han er tina og klar til bruk.
Dersom du ønskjer å hente den tint må du bestille og si fra nokre dagar forveigen så tiner vi han for deg.
Tilberedning
Bruk ein tjukkbotna kjele og kok den opp under god omrøring til den blir glatt og fin. Det er viktig å røre godt og jamnt under oppkoking slik at grauten ikkje brenner seg fast.
Server saman med sukker, kanel, raud saft og spikjimat så har du eit tradisjonsrikt festmåltid du kan være stolt av.